Glittertind
Página inicial > G > Glittertind > Mot Myrke Vetteren

Mot Myrke Vetteren

Glittertind


Velkomen atter hit til våre grender,
velkomen her, du sæle sumarkveld,
med lauv og gras utyver alle strender
og gule blomar i den grøne feld,
med lette småsky, lagd i lange render
som trådar i det høge himmeltjeld,
og med den milde ljossken, som seg breider
utyver fjell og fjord på alle leider.

Den siste solblenk er i havet sokken,
den fyrste kjem snart or den låge grop,
ein dag er tendrad, fyrr enn hin er slokken,
og kveld og morgon renna heilt ihop.
Snart vaknar upp den kvilde fugleflokken
og helsar morgonen med glederop.
So riser soli til den lange svingen
og set ein annan let på heile kringen.

Kom, lat oss nøyta tidi, som ho skrider,
og minnast, at ho skrider ofsa fort.
Med kvar ein dag, med kvar ein kveld, som lider,
eit stig mot myrke vetteren er gjort.
Det kjem ein dag, då kvar ein blom, som bider,
er fallen av, og slikt eit fall er stort.
Di skal eg sjå på blomen, fyrr han blaknar,
og nøyta sumar'n, fyrr eg honom saknar.

Encontrou algum erro na letra? Por favor, envie uma correção >

Compartilhe
esta música

Ouça estações relacionadas a Glittertind no Vagalume.FM

Mais tocadas de Glittertind

ESTAÇÕES
ARTISTAS RELACIONADOS