Hellbillies
Página inicial > H > Hellbillies > Som Ein Bat Pa Land

Som Ein Bat Pa Land

Hellbillies


Eg skriv koss dæ va, for deg ska eg ha!
Vart berre fleiping og rør alt eg sa.
Det va so dumt. Reinspikka vås!
Du kom. So gjikk alt i lås.
Eg såg eit hav,
der eg stod som ein båt på land.

Det va so mangt eg skulde ha sagt,
om eg hadde ord og makt.
At du æ som ein vårdags-flaum,
som ei elv eg såg i ein draum,
som eit hav.
Eg kjenne meg mest som ein båt på land.

Når eg æ i lage med deg
so bi alle orde burte for meg.
Som ein tosk står eg og hakka fram eit svar.
Eg kan 'kji gå, eg tåle 'kji sjå,
i lage med deg so bi eg so grå.
Som graset står eg ventande på ein ljå.

Kom med eit svar! Gjer båtplassen klar!
Finn ei mast og eit årepar!
Gje meg eit segl å sigla med,
no treng eg hjelpa frå deg.
Eg treng eit hav,
der eg står som ein båt på land.

Encontrou algum erro na letra? Por favor, envie uma correção >

Compartilhe
esta música

Ouça estações relacionadas a Hellbillies no Vagalume.FM

Mais tocadas de Hellbillies

ESTAÇÕES